Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 23:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer? Eg henta deg for at du skulle forbanna fiendane mine, og så velsignar du dei i staden!»

12. Bileam svara: «Eg må ta meg i vare så eg ikkje talar anna enn det Herren legg meg i munnen.»

13. Då sa Balak til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du kan sjå folket. Men heile leiren får du ikkje sjå, berre utkanten av han. Derifrå skal du forbanna dei for meg.»

14. Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein ver.

15. Bileam sa til Balak: «Stå her attmed brennoffera dine, medan eg går bort og møter Gud.»

16. Herren møtte Bileam og la eit ord i munnen hans. «Gå attende til Balak,» sa han, «og tal det eg seier deg!»

17. Då Bileam kom attende, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine og Moabs hovdingar saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?»

18. Då kvad Bileam:Reis deg, Balak, og høyr!Lyd på meg, du Sippors son!

Les hele kapitlet 4. Mosebok 23