Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21:4-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig

5. og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.»

6. Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.

7. Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.

8. Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.»

9. Moses laga ein koparorm og sette han på ei stong. Og det gjekk så at kvar gong ein mann vart biten av ein orm, og han såg bort på koparormen, berga han livet.

10. Israelittane heldt fram på ferda og slo leir ved Obot.

11. Sidan tok dei ut frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i øydemarka austanfor Moab.

12. Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.

13. Og då dei tok ut frå Sered-dalen, slo dei leir på den andre sida av Arnon, i den øydemarka som tøyer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittlandet.

14. Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:Vaheb i Sufa og dalane,Arnon

15. og dalsidasom tøyer seg ned mot Ar-bygdaog når til Moabs grense.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 21