Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Då song Israel denne songen:Vell fram, du kjelde!Lat songen ljoma

18. for brunnen ¬som hovdingar har grave,som dei fremste menn i folket ¬har boramed styrarstav og septer. Frå Be’er fór dei så til Mattana,

19. frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot,

20. og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet.

21. Israelittane sende bod til amorittkongen Sihon og sa:

22. «Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje koma inn på åkrar eller i vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi vil fylgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»

23. Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet. Han samla heile hæren sin og drog ut mot israelittane i øydemarka. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.

24. Men Israel slo han med kvasse sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot Ammon var det mange borger.

25. Israelittane tok alle desse amorittbyane og busette seg i dei, i Hesjbon og alle småbyane der ikring.

26. Hesjbon var byen åt amorittkongen Sihon. Han hadde lege i strid med den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.

27. Difor seier skaldane:Kom til Hesjbon, Sihons by!Bygg han ut ¬og gjer han til ei borg!

Les hele kapitlet 4. Mosebok 21