Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21:11-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Sidan tok dei ut frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i øydemarka austanfor Moab.

12. Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.

13. Og då dei tok ut frå Sered-dalen, slo dei leir på den andre sida av Arnon, i den øydemarka som tøyer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittlandet.

14. Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:Vaheb i Sufa og dalane,Arnon

15. og dalsidasom tøyer seg ned mot Ar-bygdaog når til Moabs grense.

16. Så fór dei til Be’er. Det er den brunnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»

17. Då song Israel denne songen:Vell fram, du kjelde!Lat songen ljoma

18. for brunnen ¬som hovdingar har grave,som dei fremste menn i folket ¬har boramed styrarstav og septer. Frå Be’er fór dei så til Mattana,

19. frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot,

20. og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet.

21. Israelittane sende bod til amorittkongen Sihon og sa:

22. «Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje koma inn på åkrar eller i vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi vil fylgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»

23. Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet. Han samla heile hæren sin og drog ut mot israelittane i øydemarka. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.

24. Men Israel slo han med kvasse sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot Ammon var det mange borger.

25. Israelittane tok alle desse amorittbyane og busette seg i dei, i Hesjbon og alle småbyane der ikring.

26. Hesjbon var byen åt amorittkongen Sihon. Han hadde lege i strid med den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.

27. Difor seier skaldane:Kom til Hesjbon, Sihons by!Bygg han ut ¬og gjer han til ei borg!

28. Eld gjekk ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihons by.Han gjorde ende på Ar i Moabog avgudane på haugane ¬ved Arnon.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 21