Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 7:2-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal dei skvetta rundt ikring på altaret,

3. og alt feittet skal dei ofra: feitthalen, netja,

4. begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som skal skjerast ut saman med nyrene.

5. Presten skal brenna det på altaret som eldoffer til Herren. Det er eit skuldoffer.

6. Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.

7. Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet. Same lova gjeld begge. Den presten som gjer soning med det, han skal ha det.

8. Når ein prest ofrar brennoffer for nokon, skal denne presten ha skinnet av offerdyret han har bore fram.

9. Alle grødeoffer som vert bakte i omn, kokte i gryte eller steikte på helle, skal han ha, den presten som ber dei fram.

10. Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra Arons-sønene til, den eine som den andre.

11. Dette er lova om måltidsofferet, som vert ofra til Herren:

12. Ber nokon det fram som takkoffer, skal han saman med slaktofferet bera fram usyrte kaker med olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og kveitemjøl som er blanda med olje og knatt til kaker.

13. Det er dei offergåvene han skal bera fram saman med takkofferet og måltidsofferet sitt, og attåt det skal han ha med seg syrte kaker.

14. Av offergåvene skal han gje ei av kvart slag i avgift til Herren. Det skal presten ha, han som skvetter blodet av måltidsofferet på altaret.

15. Kjøtet av dette offeret, som er eit takkoffer, skal etast same dagen som det vert frambore. Ikkje noko av det må verta liggjande til morgons.

16. Er slaktofferet eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer, skal det etast same dagen som det vert frambore. Men det som vert att, kan etast dagen etter.

17. Det som enno er att av offerkjøtet tredje dagen, skal brennast.

18. Dersom nokon et av måltidsofferkjøtet tredje dagen, vil Gud ikkje ta imot han og offeret hans, og det gagnar ikkje han som bar det fram. Det er ein styggedom, og den som et av det, fører skuld over seg.

19. Offerkjøt som kjem nær noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast. Elles kan alle som er reine, eta av kjøtet.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 7