Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Du skal ikkje skjera korn som har sått seg sjølv etter at du har hausta, og du skal ikkje plukka druer på eit ustelt vintre. Det skal vera sabbatsår for landet.

6. Det som veks i landet det året, skal vera til føde for dykk, for deg og tenaren din og tenestkvinna di og leigekaren og dei framande som held til hjå deg.

7. Buskapen din og dei ville dyra som er i landet, skal òg eta av grøda der.

8. Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år.

9. Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.

10. De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt.

11. Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25