Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:39-55 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

39. Når bror din vert fattig og må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera trælearbeid.

40. Han skal ha det som ein leigekar eller framand hjå deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.

41. Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, og fara heim att til ætt og fedregard.

42. For dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel trælar.

43. Du må ikkje vera hard med han; du skal ha age for din Gud.

44. Vil du få deg trælar eller trælkvinner, skal de kjøpa dei av dei folka som bur rundt ikring dykk.

45. Like eins kan de kjøpa trælar av dei framande som held til hjå dykk, og av etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar. Dei kan de eiga,

46. og de kan la dei gå i arv til borna dykkar, så dei kan eiga dei. De kan bruka dei til trælar så lenge de vil. Men over brørne dine, israelittane, skal du ikkje gjera deg til herre. Bror skal ikkje vera hard med bror.

47. Når ein innflyttar eller framand hjå deg kjem til velstand, medan bror din som bur nær han, vert så fattig at han må selja seg til innflyttaren eller den framande som held til hjå deg, eller til ein som er runnen av framand rot,

48. då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans må då løysa han ut,

49. eller farbroren eller eit syskenbarn eller ein annan av dei næraste slektningane i ætta. Får han råd, kan han gjera det sjølv.

50. Då skal han saman med den som har kjøpt han, rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hjå han.

51. Er det enno mange år att, skal han betala tilbake ein tilsvarande del av summen og såleis kjøpa seg fri.

52. Og er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra.

53. Han skal vera som ein leigekar som arbeider hjå han år for år. Du må ikkje tola at han driv han for hardt.

54. Men vert han ikkje lauskjøpt på denne måten, så vert han fri i frigjevingsåret, både han og borna hans.

55. For det er meg israelittane tener. Dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25