Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:35-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Når det går ut for bror din, og han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hjå deg.

36. Du må ikkje ta rente av han eller krevja ein større sum tilbake; du skal ha age for din Gud, så bror din kan leva hjå deg.

37. Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att.

38. Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut or Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.

39. Når bror din vert fattig og må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera trælearbeid.

40. Han skal ha det som ein leigekar eller framand hjå deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.

41. Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, og fara heim att til ætt og fedregard.

42. For dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel trælar.

43. Du må ikkje vera hard med han; du skal ha age for din Gud.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25