Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:33-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Når nokon av levittane ikkje løyser inn det huset han har selt i ein by som dei eig, vert det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane.

34. Beitemarkene kring byane deira må ikkje seljast; dei er deira odel for alle tider.

35. Når det går ut for bror din, og han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hjå deg.

36. Du må ikkje ta rente av han eller krevja ein større sum tilbake; du skal ha age for din Gud, så bror din kan leva hjå deg.

37. Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att.

38. Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut or Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.

39. Når bror din vert fattig og må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera trælearbeid.

40. Han skal ha det som ein leigekar eller framand hjå deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25