Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:2-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet ha ei sabbatskvild for Herren.

3. Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vintrea dine og samla inn grøda i landet.

4. Men i det sjuande året skal det vera full kvile for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller stella vintrea dine.

5. Du skal ikkje skjera korn som har sått seg sjølv etter at du har hausta, og du skal ikkje plukka druer på eit ustelt vintre. Det skal vera sabbatsår for landet.

6. Det som veks i landet det året, skal vera til føde for dykk, for deg og tenaren din og tenestkvinna di og leigekaren og dei framande som held til hjå deg.

7. Buskapen din og dei ville dyra som er i landet, skal òg eta av grøda der.

8. Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år.

9. Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.

10. De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt.

11. Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre.

12. For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka.

13. I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom.

14. Når du sel jord til landsmannen din eller kjøper jord av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.

15. Du skal betala han, alt etter kor mange år det har gått sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på dei åra du kan hausta grøda.

16. Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg.

17. De skal ikkje gjera urett mot kvarandre; men du skal ha age for din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.

18. Fylg føresegnene mine og gjev akt på lovene mine, så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet.

19. Landet skal gje si grøde, så de kan eta dykk mette og bu trygt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25