Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:17-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. De skal ikkje gjera urett mot kvarandre; men du skal ha age for din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.

18. Fylg føresegnene mine og gjev akt på lovene mine, så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet.

19. Landet skal gje si grøde, så de kan eta dykk mette og bu trygt.

20. Og dersom de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året, når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?» –

21. då skal de vita at eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år.

22. Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til grøda kjem det niande året, skal de ha gamalt korn å eta.

23. Jorda må ikkje seljast for alltid. For landet er mitt, og de er framande og gjester hjå meg.

24. Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord.

25. Når det går ut for bror din, og han må selja noko av odelsjorda si, skal næraste frenden, løysingsmannen hans, koma og løysa inn det som broren har selt.

26. Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan greia løysingssummen,

27. skal han rekna frå dei åra som har gått sidan han selde, og gje kjøparen betaling for den tida som er att. Då får han odelsjorda si tilbake.

28. Men får han ikkje råd til å betala, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Då vert ho fri og går attende til den gamle eigaren.

29. Når nokon sel eit stovehus i ein by som det er murar ikring, gjeld løysingsretten berre for ei tid; det fyrste året etter salet har han rett til å løysa inn huset.

30. Men vert det ikkje innløyst før eit heilt år er til ende, skal huset, så sant det ligg i ein by med murar ikring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for godt. Det vert ikkje fritt i frigjevingsåret.

31. Men husa i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret vert dei frie.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25