Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 25:10-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt.

11. Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre.

12. For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka.

13. I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom.

14. Når du sel jord til landsmannen din eller kjøper jord av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.

15. Du skal betala han, alt etter kor mange år det har gått sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på dei åra du kan hausta grøda.

16. Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg.

17. De skal ikkje gjera urett mot kvarandre; men du skal ha age for din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.

18. Fylg føresegnene mine og gjev akt på lovene mine, så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet.

19. Landet skal gje si grøde, så de kan eta dykk mette og bu trygt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 25