Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 22:21-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Når nokon ber fram for Herren eit måltidsoffer av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil oppfylla, eller det er eit friviljug offer, då må det vera eit lytelaust dyr, om Herren skal ha hugnad i han. Det må ikkje finnast lyte på det.

22. De må ikkje ofra til Herren eit dyr som er blindt eller har brote eit bein eller lid av verkjesår, skabb eller anna utslett. De skal ikkje leggja eldoffer av slike dyr på altaret for Herren.

23. Ein okse eller sau som har for lange eller for korte lemer, kan du ofra som friviljug offer, men som lovnadsoffer tekkjest dei ikkje Herren.

24. Dyr som er gjelde, anten pungen er klemd eller knust, riven eller skoren, skal de ikkje bera fram for Herren. Slike dyr må de ikkje ofra i dykkar land.

25. Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat åt dykkar Gud. Dei er skadde; det er lyte på dei. For deira skuld tek Herren ikkje imot dykk.

26. Herren tala til Moses og sa:

27. Når ein kalv eller eit lam eller eit kje kjem til, skal dei fylgja mor si i sju dagar. Men frå den åttande dagen vil dei tekkjast Herren når de ber dei fram som eldoffer til han.

28. De skal ikkje slakta ei ku og kalven hennar eller ein sau og lammet hans same dagen.

29. Når de ber fram eit takkoffer for Herren, skal de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk.

30. De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det verta liggjande til morgons. Eg er Herren.

31. Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren.

32. Vanhelga ikkje mitt heilage namn, for eg vil verta helga mellom israelittane. Eg er Herren, som helgar dykk.

33. Det var eg som førte dykk ut or Egypt og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 22