Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 22:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til Aron og sønene hans at dei skal vera varsame med dei heilage gåvene som israelittane vier til meg, så dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren.

3. Du skal seia til dei: Dersom nokon av etterkomarane dykkar, no eller i framtida, kjem nær dei heilage gåvene som israelittane vier til Herren, medan han er urein, skal han rydjast ut frå mitt åsyn. Eg er Herren.

4. Ingen av Arons etterkomarar som har hudsjukdom eller utflod, skal eta av dei heilage gåvene før han har vorte rein. Det skal heller ikkje den som kjem nær nokon som har vorte urein av lik, eller den det går sæd frå,

5. eller den som kjem nær noko krypdyr som ein vert urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis vert urein av.

6. Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har lauga seg.

7. Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans.

8. Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då vert han urein. Eg er Herren.

9. Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje fører synd over seg og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei.

10. Ingen uvedkomande skal eta det som er heilagt. Den som held til hjå presten eller er leigekar hjå han, skal ikkje smaka det.

11. Men når ein prest kjøper ein træl for pengar, då kan trælen eta av det heilage. Like eins kan dei som er fødde i huset hans, eta av maten hans.

12. Når ei prestedotter gifter seg med ein mann som ikkje er av presteætt, må ho ikkje eta av dei heilage gåvene.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 22