Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 16:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Dette skal Aron ha med seg når han går inn i heilagdomen: ein ung okse til syndoffer og ein ver til brennoffer.

4. Han skal kle seg i ein heilag kjortel av lin, ta på seg ei linbukse nærast kroppen, spenna eit linbelte om livet og binda eit linplagg om hovudet. Dette er dei heilage kleda. Før han tek dei på seg, skal han lauga lekamen sin.

5. Av Israels-lyden skal han få to bukkar til syndoffer og ein ver til brennoffer.

6. Så skal Aron leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og huslyden sin.

7. Og han skal ta dei to bukkane og leia dei fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra.

8. Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel.

9. Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og ofra som syndoffer.

10. Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens åsyn, så dei kan gjera soning med han, og så skal han sendast ut i øydemarka til Asasel.

11. Når Aron leier fram sin eigen syndofferokse og gjer soning for seg og huslyden sin, skal han slakta oksen.

12. Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret, som står for Herrens åsyn, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.

13. Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden, som er over lovtavlene; elles må han døy.

14. Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren på framsida av soningsstaden, og framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.

15. Så skal han slakta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Med det skal han gjera som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 16