Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:8-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så skal den som lèt seg reinsa, vaska kleda sine, raka av seg alt håret og lauga seg. Då er han rein. Sidan kan han få koma inn i leiren. Men han skal halda seg utanfor teltet sitt i sju dagar.

9. Den sjuande dagen skal han raka seg att. Både håret på hovudet og skjegget og augnebryna, alt håret, skal han raka av seg. Og han skal vaska kleda sine og lauga kroppen sin. Då er han rein.

10. Den åttande dagen skal han ta to lytelause verlam og eit årsgamalt, lytelaust saulam og til grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl med olje i, og så ein log olje.

11. Presten som står for reinsinga, skal føra den som lèt seg reinsa, og offergåvene hans fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra.

12. Så skal presten ta det eine verlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens åsyn.

13. Verlammet skal dei slakta på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet. Det er høgheilagt.

14. Presten skal ta noko av skuldofferblodet og stryka på den som vert reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

15. Han skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si,

16. duppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens åsyn.

17. Noko av den oljen som er att i handa hans, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet.

18. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn.

19. Så skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som lèt seg reinsa for ureinskapen sin. Sidan skal han slakta brennofferet.

20. Og presten skal bera fram brennofferet og grødeofferet på altaret og gjera soning for han. Då er han rein.

21. Men er det ein fattig mann, som ikkje har råd til så mykje, skal han ta eit verlam til skuldoffer – det skal svingast til soning for han – og ein tiandedels efa kveitemjøl med olje i, ein log olje, til grødeoffer,

22. og så to turtelduer eller to dueungar, etter som han har råd til. Den eine skal vera syndoffer og den andre brennoffer.

23. Den åttande dagen etter at han har vorte rein, skal han bera desse offergåvene fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, og gje dei til presten.

24. Og presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og svinga det for Herrens åsyn.

25. Når skuldofferlammet er slakta, skal presten ta noko av skuldofferblodet og stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

26. Han skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si,

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14