Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. og skvetta sju gonger på den som skal reinsast for hudsjukdom. Såleis skal han reinsa han. Og den levande fuglen skal han la flyga sin veg.

8. Så skal den som lèt seg reinsa, vaska kleda sine, raka av seg alt håret og lauga seg. Då er han rein. Sidan kan han få koma inn i leiren. Men han skal halda seg utanfor teltet sitt i sju dagar.

9. Den sjuande dagen skal han raka seg att. Både håret på hovudet og skjegget og augnebryna, alt håret, skal han raka av seg. Og han skal vaska kleda sine og lauga kroppen sin. Då er han rein.

10. Den åttande dagen skal han ta to lytelause verlam og eit årsgamalt, lytelaust saulam og til grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl med olje i, og så ein log olje.

11. Presten som står for reinsinga, skal føra den som lèt seg reinsa, og offergåvene hans fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra.

12. Så skal presten ta det eine verlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens åsyn.

13. Verlammet skal dei slakta på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet. Det er høgheilagt.

14. Presten skal ta noko av skuldofferblodet og stryka på den som vert reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

15. Han skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si,

16. duppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens åsyn.

17. Noko av den oljen som er att i handa hans, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet.

18. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14