Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14:28-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over den staden der blodet av skuldofferet er.

29. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens åsyn.

30. Så skal han bera fram den eine av turtelduene eller dueungane, det han har råd til,

31. som syndoffer og den andre som brennoffer, og saman med dei grødeofferet. Såleis skal presten gjera soning for den som lèt seg reinsa, for Herrens åsyn.

32. Dette er den lova de skal fylgja når den som har lita råd, har fått hudsjukdom og skal reinsast.

33. Herren tala til Moses og Aron og sa:

34. Når de kjem inn i Kanaan, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt det koma sopp på eit hus i landet dykkar,

35. skal huseigaren gå til presten og seia: «Det ser ut til at det har kome sopp på huset.»

36. Då skal presten setja dei til å rydja huset før han sjølv kjem og ser på flekkene, så ikkje alt det som er i huset, vert ureint. Så skal han koma og sjå på huset.

37. Finn han då at flekkene på veggene er grønvorne eller raudvorne søkk som synest liggja djupare enn veggen,

38. skal han gå ut or huset, låsa døra og halda huset stengt i sju dagar.

39. Den sjuande dagen skal presten koma att. Finn han då at flekkene har breitt seg på veggene i huset,

40. skal han setja folk til å bryta ut dei steinane som det er flekker på, og kasta dei på ein urein stad utanfor byen.

41. Dei skal skrapa huset rundt ikring innvendes, og leira som dei har skrapa av, skal dei kasta på ein urein stad utanfor byen.

42. Så skal dei ta andre steinar og setja inn i staden for dei gamle og ta ny leire og pussa huset med.

43. Bryt flekkene ut att på huset etter at steinane er uttekne og huset er skrapa og pussa,

44. skal presten koma og sjå på det. Finn han at flekkene har breitt seg, er det stygg sopp på huset. Det er ureint.

45. Då skal dei riva huset, både steinane, treverket og all leira, og føra det ut or byen, til ein urein stad.

46. Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 14