Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 7:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt.

23. Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt, eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Du skapte deg eit namn då du gjorde storverk for dei og under for landet ditt, for folket ditt, som du fria ut or Egypt, frå folka og gudane deira.

24. Du fastsette at Israel, folket ditt, skulle vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud.

25. Så lat det no, Herre Gud, stå fast for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, og gjer som du har sagt!

26. Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, han er Gud over Israel. Og huset åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn.

27. For du, Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.

28. Ja, Herre Gud, du er Gud, og det du har lova, skal du halda. Du har gjeve tenaren din denne store lovnaden.

29. Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For du, Herre Gud, har tala, og med di velsigning vil ætta åt tenaren din vera velsigna til evig tid.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 7