Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 6:4-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Såleis førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på haugen. Sjølve fylgde dei med, og Akjo gjekk føre kista.

5. David og heile Israels-folket dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, bjøller og cymblar.

6. Men då dei kom til treskjevollen åt Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste, fordi oksane var ustyrlege.

7. Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på flekken fordi han hadde misfare seg, og han døydde der attmed Guds paktkiste.

8. David var oppøst fordi Herren hadde slege Ussa ned. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.

9. Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna hysa Herrens paktkiste?»

10. Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.

11. Der vart ho ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile huslyden hans.

12. Då kong David fekk høyra at Herren hadde velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det han åtte, for paktkista skuld, drog han av stad og henta Guds paktkiste frå huset åt Obed-Edom. Han førte henne opp til Davids-byen med stor glede.

13. Då dei som bar paktkista, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv.

14. David dansa av all kraft for Herrens åsyn. Han var kledd i presteklede av lin.

15. Såleis førte David og heile Israels-folket Herrens paktkiste opp med jubelrop og hornlåt.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 6