Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 21:10-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Rispa Ajjadotter tok syrgjeklede og breidde ut under seg på berget. Og der sat ho frå fyrst i kornskurden heilt til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho sytte for at fuglane under himmelen ikkje sette seg på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta.

11. Då David fekk høyra kva Rispa Ajjadotter, fylgjekona til Saul, hadde gjort,

12. drog han av stad og henta beina av Saul og Jonatan, son hans. Dei låg hjå Jabesj-buane i Gilead, som i løynd hadde teke lika bort frå torget i Bet-Sjean; der hadde filistarane hengt dei opp den dagen dei slo Saul på Gilboa.

13. Då David hadde henta beina av Saul og Jonatan, son hans, derifrå, samla dei saman beina av dei som hadde vorte skamfarne.

14. Og dei gravla beina av Saul og Jonatan, son hans, i Sela i Benjamin, i grava åt Kisj, far til Saul. Alt gjorde dei så som kongen hadde sagt. Etter dette høyrde Gud bønene som steig opp frå landet.

15. Endå ein gong vart det krig mellom filistarane og israelittane. David og mennene hans drog ned og stridde mot filistarane, og David vart trøytt og sliten.

16. Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane etter Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sekel, og han bar eit nytt sverd.

17. Men Abisjai Serujason kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då gjorde Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i striden. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»

18. Sidan kom det til ny strid med filistarane, ved Gob. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane etter Rafa.

19. Endå ein gong kom det til strid med filistarane ved Gob, og Elkanan, son til Ja’are-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 21