Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 9:2-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. For nektar du å la dei fara, og held du dei att endå lenger,

3. skal Herren leggja si hand på husdyra dine ute på marka, både hestar, esel og kamelar og storfe og småfe, og søkja dei med ein fæl pest.

4. Men Herren skal gjera skil på husdyra åt israelittane og husdyra åt egyptarane; det skal ikkje døy noko av alt det som høyrer israelittane til.

5. Og Herren har fastsett tida: I morgon skal Herren la dette henda i landet.»

6. Dagen etter gjorde Herren som han hadde sagt. Og alle husdyra åt egyptarane døydde, men hjå israelittane døydde det ikkje eit dyr.

7. Då farao sende bod, fekk han vita at ikkje eitt av dyra åt israelittane hadde døytt. Men farao gjorde seg hard og lét ikkje folket fara.

8. Herren sa til Moses og Aron: «Ta hendene fulle med sot frå omnen, og Moses skal kasta det opp i veret så farao ser på!

9. Då skal det verta til støv over heile Egypt, og støvet skal setja svullar som bryt ut med blemmer både på folk og fe i heile Egypt.»

10. Så tok dei sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det opp i veret. Då kom det svullar både på folk og fe.

11. Og spåmennene greidde ikkje møta Moses for svullane skuld. For det kom svullar på spåmennene som på alle andre egyptarar.

12. Men Herren gjorde farao hard i hugen, så han ikkje høyrde på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt til Moses.

13. Så sa Herren til Moses: «I morgon tidleg skal du gå fram for farao og seia til han: Så seier Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!

14. For denne gongen vil eg senda alle plagene mine over deg og mennene dine og folket ditt, så du kan skjøna at ingen er som eg på heile jorda.

15. Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så de hadde vorte utrudde frå jorda.

16. Men eg har likevel halde deg oppe av di eg ville syna deg makta mi og gjera namnet mitt kjent over heile jorda.

17. Enno står du imot folket mitt og lèt dei ikkje fara.

18. Difor vil eg i morgon på denne tid senda eit fælt haglver, som det aldri har vore maken til i Egypt frå den dagen landet vart skapt og til no.

19. Send i veg folk og berga buskapen din og alt det du har på marka! Haglet skal falla på alt som er ute og ikkje kjem seg i hus, anten det er folk eller fe, og dei skal døy.»

20. Dei av tenarane åt farao som hadde age for Herrens ord, berga då folket sitt og buskapen sin i hus.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 9