Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 4:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Moses svara: «Dei vil vel ikkje tru meg og ikkje høyra på meg, men seia at Herren ikkje har synt seg for meg.»

2. Då spurde Herren: «Kva er det du har i handa?» «Ein stav,» svara han.

3. «Kast han på jorda!» sa Herren. Så kasta Moses staven på jorda. Då vart han til ein orm, og Moses rømde for ormen.

4. Men Herren sa: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og treiv ormen. Då vart han til ein stav i handa hans.

5. «No må dei vel tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.»

6. Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Så stakk han handa inn på brystet, og då han drog henne ut att, var ho teken av hudsjukdom og såg ut som snø.

7. Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet endå ein gong!» Moses stakk handa inn på brystet att, og då han drog henne ut, var ho like frisk og god som før.

8. Då sa Herren: «Om dei ikkje trur deg og ikkje bryr seg om det fyrste teiknet, så vil dei visseleg tru på det andre.

9. Men trur dei ikkje på noko av desse to teikna, og høyrer dei ikkje på deg, så skal du henta vatn i Nilen og slå det ut over turre marka. Og vatnet som du tek frå Nilen, skal verta til blod på marka.»

10. Men Moses sa til Herren: «Høyr meg, Herre! Eg har aldri vore nokon veltalande mann, korkje før eller no etter at du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 4