Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 33:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Moses tok eit telt og sette det opp utanfor leiren, eit godt stykke ifrå. Han kalla det møteteltet. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren.

8. Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg, stod kvar i si teltdør og såg etter han til han var komen inn.

9. Og når Moses var komen inn i teltet, fór skystolpen ned og vart ståande i teltdøra, og Herren tala til Moses.

10. Når folket såg skystolpen stå i teltdøra, reiste dei seg alle saman og bøygde seg til jorda, kvar i si teltdør.

11. Så tala Herren med Moses, åsyn til åsyn, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til leiren. Men tenaren hans, ein unggut som heitte Josva Nunsson, heldt seg støtt i teltet.

12. Moses sa til Herren: «Du seier at eg skal føra dette folket opp. Men eg får ikkje vita kven du vil senda med meg, endå du har sagt at du kjenner meg vel og har godvilje for meg.

13. Er det så at du har godvilje for meg, så syn meg vegane dine, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hjå deg. Kom i hug at dette er ditt eige folk!»

14. Då sa Herren: «Sjølv skal eg gå med, og eg skal føra deg til ro.»

15. Moses svara: «Går ikkje du med, så lat oss sleppa å fara herifrå!

16. Korleis kan eg vita at du har godvilje for meg og folket ditt utan at du går med oss, så eg og folket ditt får ære framfor alle folkeslag på jorda?»

17. Då sa Herren til Moses: «Det du bed om, vil eg gjera; for eg har godvilje for deg og kjenner deg vel.»

18. «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 33