Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 30:23-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Ta krydder av beste slaget: 500 sekel fin myrra, halvparten så mykje eller 250 sekel velluktande kanel, 250 sekel kalmus

24. og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje.

25. Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.

26. Med den skal du salva møteteltet, paktkista,

27. bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,

28. brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på.

29. Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag.

30. Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg.

31. Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt.

32. Han må ikkje koma på kroppen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan salve som er såleis blanda. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.

33. Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, skal rydjast ut or folket sitt.

34. Herren sa til Moses: Ta det du treng til røykjelse: balsam, myrraolje, harpiks som luktar sterkt, og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.

35. Av det skal du laga ein krydda røykjelse, så som salveblandarane gjer det, salta og rein, til heilag bruk.

36. Noko av det skal du knusa smått og leggja framfor lova i møteteltet, der eg vil møtast med deg. Høgheilagt skal det vera for dykk.

37. Røykjelse som er såleis blanda som denne, må de ikkje laga til dykk sjølve; vigsla til Herren skal han vera.

38. Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 30