Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 27:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Stengene skal smøyast inn i ringane, så dei sit på begge sider av altaret når det vert bore.

8. Altaret skal du laga av bord, og det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, så skal det gjerast.

9. Du skal laga ein føregard kring heilagdomen. På sørsida av føregarden skal det vera eit omheng av fint, tvinna lingarn. Det skal vera hundre alner langt på denne sida.

10. Til omhenget skal det vera tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.

11. Like eins skal det på nordre langsida vera eit omheng som er hundre alner langt. Til det skal det vera tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.

12. På den eine tverrsida av føregarden, mot vest, skal det vera eit omheng på femti alner. Til det skal det vera ti stolpar med fotstykke.

13. Den andre tverrsida av føregarden, framsida som vender mot aust, skal vera femti alner.

14. Her skal det vera femten alner omheng på den eine kanten, med tre stolpar og tre fotstykke,

15. og på den andre kanten femten alner omheng med tre stolpar og tre fotstykke.

16. I porten til føregarden skal det vera eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Det skal vera tjue alner langt og vove i mange leter. Til forhenget skal det vera fire stolpar med fotstykke.

17. Alle stolpane kring føregarden skal vera bundne i hop med sølvstenger. Hakane på stolpane skal vera av sølv og fotstykka av bronse.

18. Føregarden skal vera hundre alner lang, femti alner brei og fem alner høg. Omhenget skal vera av fint, tvinna lingarn og fotstykka av bronse.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 27