Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 27:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Du skal òg laga eit gitter til altaret, eit flettverk av bronse. På flettverket skal du laga fire bronseringar, ein på kvart hjørne.

5. Gitteret skal du setja nedst, under altarlista, så det når midt opp på altaret.

6. Du skal laga stenger til altaret. Dei skal vera av akasietre, og du skal kle dei med bronse.

7. Stengene skal smøyast inn i ringane, så dei sit på begge sider av altaret når det vert bore.

8. Altaret skal du laga av bord, og det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, så skal det gjerast.

9. Du skal laga ein føregard kring heilagdomen. På sørsida av føregarden skal det vera eit omheng av fint, tvinna lingarn. Det skal vera hundre alner langt på denne sida.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 27