Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 27:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. og på den andre kanten femten alner omheng med tre stolpar og tre fotstykke.

16. I porten til føregarden skal det vera eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Det skal vera tjue alner langt og vove i mange leter. Til forhenget skal det vera fire stolpar med fotstykke.

17. Alle stolpane kring føregarden skal vera bundne i hop med sølvstenger. Hakane på stolpane skal vera av sølv og fotstykka av bronse.

18. Føregarden skal vera hundre alner lang, femti alner brei og fem alner høg. Omhenget skal vera av fint, tvinna lingarn og fotstykka av bronse.

19. Alle reiskapane som skal brukast til tenesta i heilagdomen, og alle pluggane, både til teltet og føregarden, skal vera av bronse.

20. Sei til israelittane at dei skal gje deg rein olje av knust oliven til ljosestaken, så det kan setjast opp lamper til kvar tid.

21. I møteteltet, utanfor forhenget som er framfor lova, skal Aron og sønene hans stella lampene, så dei kan brenna for Herrens åsyn frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig lov for israelittane i ætt etter ætt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 27