Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 25:19-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Du skal laga dei så at dei går i eitt med endane på soningsstaden.

20. Kjerubane skal halda vengene utbreidde og lyfte, så dei tekkjer over og vernar soningsstaden med vengene sine. Dei skal vera vende mot kvarandre, med andletet ned mot soningsstaden.

21. Så skal du setja soningsstaden opp på kista, og i kista skal du leggja lova som eg vil gje deg.

22. Der vil eg møtast med deg. Alt det eg byd deg å tala til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over lovkista.

23. Du skal laga eit bord av akasietre. Det skal vera to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt.

24. Kled det med reint gull og set ein gullkant på det som går heilt ikring.

25. Så skal du laga ei list på bordet. Ho skal vera brei som ei hand og gå heilt ikring. Rundt lista skal du laga ein gullkant.

26. Lag så fire gullringar og set dei i dei fire hjørna på dei fire føtene!

27. Tett attmed lista skal ringane sitja. Dei skal vera til å smøya berestenger inn i.

28. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.

29. Sidan skal du laga dei fata og skålene som høyrer bordet til, og kannene og bollane til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.

30. På bordet skal du støtt leggja fram skodebrød for mitt åsyn.

31. Så skal du laga ein ljosestake av reint gull. Han skal vera hamra arbeid, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane skal gå i eitt med han.

32. Seks armar skal gå ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.

33. På den eine armen skal det vera tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera skal vera på skap som ein mandelblom. Såleis skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå ljosestaken.

34. På sjølve staken skal det vera fire beger med knuppar og blomar. Dei skal vera på skap som ein mandelblom.

35. Det skal vera ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane skal gå i eitt med staken. Det skal vera ein knupp under kvart par av dei seks armane som går ut frå ljosestaken.

36. Knuppane og armane skal gå i eitt med staken. Heile ljosestaken skal vera eitt einaste stykke hamra arbeid av reint gull.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 25