Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 21:21-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Men lever trælen ein dag eller to, skal han ikkje straffast; for trælen er hans eigedom.

22. Når to menn slåst, og dei støyter til ei kvinne som er med barn, så ho misser fosteret, utan at det elles hender noka ulukke, då skal gjerningsmannen svara den skadebota som mannen hennar legg på han, og det skal gjerast hjå domarane.

23. Men hender det ei ulukke, skal du bøta liv for liv,

24. auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot,

25. brannsår for brannsår, sår for sår, flengje for flengje.

26. Når ein mann slår trælen sin eller trælkvinna si i auga og skamfer det, skal han til vederlag for auga gje dei fri.

27. Slår han ut ei tann på trælen sin eller trælkvinna si, skal han til vederlag for tanna gje dei fri.

28. Når ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne, skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast. Men eigaren skal sleppa straff.

29. Men var oksen olm på førehand, og eigaren ikkje såg etter han, endå han hadde vorte åtvara, og han så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy.

30. Vert han ilagd ei bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som dei krev av han.

31. Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal dei fara fram etter same lova.

32. Er det ein træl eller ei trælkvinne oksen stangar, skal eigaren gje husbonden deira tretti sekel sølv, og oksen skal steinast.

33. Når ein mann lèt ein brunn stå open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer over, og ein okse eller eit esel dett nedi,

34. då skal den som eig brunnen, gje vederlag for det; han skal gje pengar til den som åtte dyret, men det daude dyret skal vera hans.

35. Når oksen åt ein mann stangar i hel oksen åt ein annan, skal dei selja den levande oksen og dela pengane, og det daude dyret skal dei òg dela.

36. Men var det kjent at oksen var olm på førehand, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 21