Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 21:16-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Den som stel eit menneske, skal døy, anten han sel det eller det finst hjå han.

17. Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy.

18. Når to menn trettar, og den eine slår den andre med ein stein eller med neven, så han vert sengeliggjande, men ikkje døyr,

19. då skal gjerningsmannen sleppa straff dersom hin kjem opp att og kan gå ute med stav. Han skal berre halda han skadelaus for den tida han har tapt, og kosta full lækjedom på han.

20. Når ein mann slår trælen sin – eller trælkvinna si – med staven sin så han døyr for hans hand, då skal mannen straffast.

21. Men lever trælen ein dag eller to, skal han ikkje straffast; for trælen er hans eigedom.

22. Når to menn slåst, og dei støyter til ei kvinne som er med barn, så ho misser fosteret, utan at det elles hender noka ulukke, då skal gjerningsmannen svara den skadebota som mannen hennar legg på han, og det skal gjerast hjå domarane.

23. Men hender det ei ulukke, skal du bøta liv for liv,

24. auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot,

25. brannsår for brannsår, sår for sår, flengje for flengje.

26. Når ein mann slår trælen sin eller trælkvinna si i auga og skamfer det, skal han til vederlag for auga gje dei fri.

27. Slår han ut ei tann på trælen sin eller trælkvinna si, skal han til vederlag for tanna gje dei fri.

28. Når ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne, skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast. Men eigaren skal sleppa straff.

29. Men var oksen olm på førehand, og eigaren ikkje såg etter han, endå han hadde vorte åtvara, og han så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy.

30. Vert han ilagd ei bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som dei krev av han.

31. Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal dei fara fram etter same lova.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 21