Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 20:12-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Æra far din og mor di, så skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

13. Du skal ikkje slå i hel.

14. Du skal ikkje bryta ekteskapet.

15. Du skal ikkje stela.

16. Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.

17. Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

18. Heile folket høyrde torebraket og hornlåten og såg lyna og fjellet i røyk. Då dei såg og høyrde dette, skalv dei av redsle og heldt seg langt unna.

19. Og dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då døyr vi!»

20. Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud vil prøva dykk, og han vil at de skal ha age for han, så de ikkje syndar. Difor er han komen.»

21. Så vart folket ståande langt borte, medan Moses gjekk innåt mørkeskodda der Gud var.

22. Herren sa til Moses: Så skal du seia til israelittane: De høyrde korleis eg tala til dykk frå himmelen.

23. De skal ikkje laga dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.

24. Eit altar av jord skal du reisa for meg. På det skal du ofra brennoffera og måltidsoffera dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar stad der eg vil ha namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg.

25. Men vil du laga eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For brukar du meisel på steinane, vanhelgar du dei.

26. Du skal ikkje gå opp til altaret mitt etter ei tropp, så du ikkje skal visa deg naken framfor det.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 20