Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 19:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Og han sa til folket: «Tredje dagen skal de halda dykk ferdige. Kom ikkje nær kvinner!»

16. Då det vart morgon tredje dagen, bar det laust med torebrak og lyn. Det la seg ei tung sky over fjellet, og det lydde ein sterk hornlåt. Alle som var i leiren, skalv av redsle.

17. Men Moses førte folket ut or leiren til møtes med Gud, og dei vart ståande nedunder fjellet.

18. Heile Sinai-fjellet stod i røyk, av di Herren hadde kome ned på det i eld. Røyken steig opp som or ein smelteomn, og heile fjellet dirra og skalv.

19. Hornlåten auka og vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara så det kunne høyrast.

20. Då Herren hadde stige ned på Sinai-fjellet, på øvste tinden, kalla han Moses opp på fjelltoppen, og han gjekk opp.

21. Herren sa til Moses: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren og vil sjå! For då kjem mange av dei til å missa livet.

22. Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, så Herren ikkje skal bryta inn mellom dei.»

23. Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje stiga opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Merk av ei grense kring fjellet og lys det heilagt!»

24. Og Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att, du og Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram og stiga opp til Herren, for då bryt han inn mellom dei.»

25. Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 19