Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 16:9-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels-folket: Stig fram for Herren! For han har høyrt korleis de murrar.»

10. Så tala Aron til alle israelittane som var samla. Då vende dei seg mot øydemarka, og Herrens herlegdom synte seg i skya.

11. Og Herren sa til Moses:

12. «Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Straks etter soleglad skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød. Og de skal skjøna at eg er Herren dykkar Gud.»

13. Då det så vart kveld, kom det ei slik mengd med vaktlar at dei dekte leiren, og om morgonen låg det dogg rundt ikring leiren.

14. Då dogga kvarv, fekk dei sjå eit fint, kornet lag bortover øydemarka. Det var som fint rim på marka.

15. Då israelittane såg det, sa dei seg imellom: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Då sa Moses til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk til mat.

16. Dette er det påbodet Herren har gjeve: De skal sanka av det så mykje de treng, ein omer til manns. Kvar skal henta til dei som er i teltet hans, etter talet på dei som høyrer han til.»

17. Israelittane gjorde så og sanka, somme mykje, andre lite.

18. Men då dei mælte det i omeren, hadde den som hadde sanka mykje, ikkje noko att, og den som hadde sanka lite, leid ingen skort. Alle hadde sanka det dei trong.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 16