Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 16:27-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Den sjuande dagen var det likevel nokre som gjekk ut og ville sanka; men dei fann ingen ting.

28. Då sa Herren til Moses: «Kor lenge skal det vara før de vil halda boda og lovene mine?

29. Kom i hug at Herren har gjeve dykk sabbaten! Difor er det at han den sjette dagen gjev dykk mat for to dagar. Hald dykk heime, kvar hjå seg! Ingen må gå bort frå staden sin den sjuande dagen.»

30. Så heldt folket seg i ro den sjuande dagen.

31. Israelittane kalla det manna. Det var kvitt som korianderfrø og smaka som honningkake.

32. Moses sa: «Dette er det påbodet Herren har gjeve dykk: Fyll ein omer med manna og gøym han til etterkomarane dykkar, så dei kan få sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarka då eg førte dykk ut or Egypt.»

33. Og Moses sa til Aron: «Ta ei krukke, ha opp i henne ein full omer med manna og set det ned for Herrens åsyn! Det skal gøymast til etterkomarane dykkar.»

34. Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses. Han sette krukka ned framfor lovkista; der skulle ho stå.

35. Israelittane åt manna i førti år, til dei kom til land der det budde folk. Manna åt dei heilt til dei kom til grensa mot Kanaan.

36. Ein omer er tiandeparten av ein efa.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 16