Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 16:20-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Men dei lydde ikkje Moses. Somme av dei lét noko vera att til morgons. Då gjekk det makk i det, og det lukta vondt. Og Moses vart harm på dei.

21. Sidan sanka dei morgon etter morgon, kvar så mykje som han trong. Men når sola tok til å heta, bråna det.

22. Sjette dagen sanka dei dobbelt så mykje brød, to omer til manns. Og alle leiarane i folket kom og fortalde det til Moses.

23. Då sa han til dei: «Det er det Herren har sagt. I morgon er det sabbat, heilag sabbat for Herren. Bak no det de vil, og kok det de vil! Men alt det som vert att, skal de leggja bort og gøyma til i morgon.»

24. Så la dei det bort til om morgonen, som Moses hadde sagt. Då lukta det ikkje vondt, og det kom ikkje makk i det.

25. Og Moses sa: «Et det i dag! For i dag er det sabbat for Herren; i dag finn de ikkje noko på marka.

26. Seks dagar skal de sanka. Men den sjuande dagen er det sabbat; då er det ikkje å finna.»

27. Den sjuande dagen var det likevel nokre som gjekk ut og ville sanka; men dei fann ingen ting.

28. Då sa Herren til Moses: «Kor lenge skal det vara før de vil halda boda og lovene mine?

29. Kom i hug at Herren har gjeve dykk sabbaten! Difor er det at han den sjette dagen gjev dykk mat for to dagar. Hald dykk heime, kvar hjå seg! Ingen må gå bort frå staden sin den sjuande dagen.»

30. Så heldt folket seg i ro den sjuande dagen.

31. Israelittane kalla det manna. Det var kvitt som korianderfrø og smaka som honningkake.

32. Moses sa: «Dette er det påbodet Herren har gjeve dykk: Fyll ein omer med manna og gøym han til etterkomarane dykkar, så dei kan få sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarka då eg førte dykk ut or Egypt.»

33. Og Moses sa til Aron: «Ta ei krukke, ha opp i henne ein full omer med manna og set det ned for Herrens åsyn! Det skal gøymast til etterkomarane dykkar.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 16