Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 14:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du på meg? Sei til israelittane at dei skal ta i veg!

16. Du skal lyfta staven din og retta handa ut over sjøen og kløyva han, så israelittane kan gå midt igjennom sjøen på turre botnen.

17. Men eg vil gjera egyptarane harde i hugen, så dei set etter dykk. Og eg skal visa mi guddomsmakt på farao og heile hans hær, på vognene og hestfolket hans.

18. Egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg viser makta mi på farao og vognene og hestfolket hans.»

19. Guds engel, som gjekk føre Israels-hæren, skifte no plass og gjekk etter folket. Skystolpen, som var framfor dei, flytte seg og vart ståande bak dei,

20. så han kom mellom egyptarhæren og Israels-hæren. På den eine sida var skya mørk, og på den andre sida lyste ho opp natta, og hærane kom ikkje innåt kvarandre heile natta.

21. Då rette Moses handa ut over sjøen, og Herren sende ein sterk austavind, som bles heile natta, så vatnet dreiv unna og turre landet kom fram. Vatnet kløyvde seg,

22. og israelittane gjekk tvert igjennom sjøen på turre botnen, medan vatnet stod som ein mur på begge sider.

23. Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og hestfolket åt farao og fylgde dei til midt ut i sjøen.

24. Men tidleg om morgonen såg Herren ned på egyptarhæren frå eld- og skystolpen og skapte redsle og rådløyse mellom dei.

25. Han slo hjula av vognene deira, så det gjekk tungt for dei å koma fram. Då sa egyptarane: «Lat oss røma for israelittane! For Herren strider for dei mot egyptarane.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 14