Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 14:10-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då farao nærma seg, fekk israelittane sjå at egyptarane kom etter dei. Dei vart livande redde og ropa til Herren.

11. Og dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver i Egypt, sidan du har ført oss hit så vi skal døy i øydemarka? Kvifor har du ført oss bort frå Egypt og gjort dette mot oss?

12. Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred! Vi vil tena egyptarane. Det er betre for oss, det, enn å døy i øydemarka.»

13. Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå berre fast, så skal de få sjå korleis Herren hjelper dykk i dag! For så som de ser egyptarane i dag, skal de aldri sjå dei meir.

14. Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»

15. Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du på meg? Sei til israelittane at dei skal ta i veg!

16. Du skal lyfta staven din og retta handa ut over sjøen og kløyva han, så israelittane kan gå midt igjennom sjøen på turre botnen.

17. Men eg vil gjera egyptarane harde i hugen, så dei set etter dykk. Og eg skal visa mi guddomsmakt på farao og heile hans hær, på vognene og hestfolket hans.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 14