Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 9:2-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar.

3. No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt,

4. rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, og skjenkjarsveinane og kleda deira, og troppa som førte opp til Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring

5. og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!

6. Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg det halve om den store visdomen din. Du er større enn alt det eg har høyrt om deg.

7. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!

8. Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»

9. Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.

10. Elles hadde mennene til Hiram og Salomo, dei som henta gull frå Ofir, med seg sandeltre og dyre steinar derifrå.

11. Av sandeltreet fekk kongen laga tropper til Herrens hus og kongsgarden, og lyrer og harper til songarane. Noko slikt hadde aldri vore å sjå i Juda før.

12. Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det ho fekk fordi ho hadde hatt med seg gåver til kongen. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

13. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

14. Til det kom avgiftene frå kjøpmenn og handelsmenn som førte inn varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 9