Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 9:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, og med kamelar som bar krydder, ei mengd gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta.

2. Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar.

3. No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt,

4. rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, og skjenkjarsveinane og kleda deira, og troppa som førte opp til Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring

5. og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!

6. Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg det halve om den store visdomen din. Du er større enn alt det eg har høyrt om deg.

7. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!

8. Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»

9. Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 9