Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 34:10-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til handverkarane som arbeidde i templet og skulle bøta brestene der og vøla på det,

11. og til tømmermennene og bygningsmennene, til å kjøpa inn hoggen stein og trevyrke til tverrbjelkar, og til å tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.

12. Mennene arbeidde trufast på verket. Nokre av levittane var sette til å ha tilsyn med dei. Det var Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene. Alle levittar som skjøna seg på musikkinstrument,

13. hadde tilsyn med berarane og rettleidde alle handverkarane, kva arbeid dei så gjorde. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.

14. Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses.

15. Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.

16. Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.

17. Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»

18. Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen.

19. Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.

20. Så tala han med Hilkia og med Ahikam Sjafansson, Abdon Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa:

21. «Gå og spør Herren til råds for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i den boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje har halde seg etter Herrens ord og ikkje gjort alt det som er skrive i denne boka.»

22. Då gjekk Hilkia og dei andre mennene som kongen sende av stad, til Hulda, ei profetkvinne, som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,

23. og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 34