Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 34:1-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år.

2. Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og fór i alle måtar fram som David, ættefar hans, hadde gjort; han bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.

3. I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, ættefar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og utskorne og støypte gudebilete.

4. Medan han såg på, reiv dei ned altara for Ba’algudane; røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han ned, og Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta slo han sund. Han knuste dei til støv, og støvet strøydde han på gravene åt folk som hadde ofra til dei.

5. Beina åt prestane brende han på deira eigne altar. Såleis reinsa han Juda og Jerusalem.

6. Og rundt ikring i byane i Manasse, Efraim og Simeon, ja, radt til Naftali, på torga der,

7. reiv han ned altara og Asjera-pålane, og dei utskorne bileta slo han i knas. I heile Israel hogg han ned alle røykjelsesaltara. Så fór han heim att til Jerusalem.

8. I det attande styringsåret åt kong Josjia, då han hadde reinsa landet og templet, sende han Sjafan Asaljason, Ma’aseja, byhovdingen, og Joak Joakasson, kanslaren, av stad for å setja i stand huset åt Herren hans Gud.

9. Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei frå seg dei pengane som var komne inn til Guds hus, alt det dei levittane som heldt vakt ved dørene, hadde samla inn frå Manasse, Efraim og alle dei andre Israels-ættene, frå heile Juda og Benjamin og frå Jerusalemsbuane.

10. Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til handverkarane som arbeidde i templet og skulle bøta brestene der og vøla på det,

11. og til tømmermennene og bygningsmennene, til å kjøpa inn hoggen stein og trevyrke til tverrbjelkar, og til å tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.

12. Mennene arbeidde trufast på verket. Nokre av levittane var sette til å ha tilsyn med dei. Det var Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene. Alle levittar som skjøna seg på musikkinstrument,

13. hadde tilsyn med berarane og rettleidde alle handverkarane, kva arbeid dei så gjorde. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.

14. Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses.

15. Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.

16. Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.

17. Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»

18. Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 34