Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 25:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Amasja tok no mot til seg og drog ut med hæren sin. Han kom til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusen mann frå Se’ir.

12. Andre ti tusen tok judearane levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, så dei slo seg i hel, alle saman.

13. Men nokre av israelittane som Amasja hadde sendt heim att, så dei ikkje fekk fylgja han på hærferda, dei tok til å herja i Juda-byane frå Samaria til Bet-Horon. Der hogg dei ned tre tusen mann og tok mykje hærfang.

14. Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, førte han gudane åt Se’ir-sønene med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, kasta seg ned for dei og ofra til dei.

15. Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende ein profet som sa til han: «Kvifor spør du gudane åt dette folket til råds, dei som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»

16. Men då profeten tala såleis til Amasja, sa han: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp med dette! Elles kan du verta ihelslegen.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å tyna deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 25