Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 25:10-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Israel, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på Juda-mennene og fór av stad i fullt sinne.

11. Amasja tok no mot til seg og drog ut med hæren sin. Han kom til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusen mann frå Se’ir.

12. Andre ti tusen tok judearane levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, så dei slo seg i hel, alle saman.

13. Men nokre av israelittane som Amasja hadde sendt heim att, så dei ikkje fekk fylgja han på hærferda, dei tok til å herja i Juda-byane frå Samaria til Bet-Horon. Der hogg dei ned tre tusen mann og tok mykje hærfang.

14. Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, førte han gudane åt Se’ir-sønene med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, kasta seg ned for dei og ofra til dei.

15. Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende ein profet som sa til han: «Kvifor spør du gudane åt dette folket til råds, dei som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»

16. Men då profeten tala såleis til Amasja, sa han: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp med dette! Elles kan du verta ihelslegen.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å tyna deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»

17. Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han.

18. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.

19. Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte stormodig og vil vinna endå meir ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»

20. Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.

21. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.

22. Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.

23. Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.

24. Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 25