Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 2:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Salomo tenkte no på å byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv.

2. Han tok ut sytti tusen mann til berarar, åtti tusen mann til å hogga stein i fjellet og tre tusen seks hundre til å ha tilsyn med arbeidsfolket.

3. Så sende Salomo bod til Hiram, kongen i Tyrus, og sa: «Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre, så han kunne byggja seg eit hus til å bu i.

4. No vil eg byggja eit hus for Herren min Gud og vigsla det til han, så vi kan brenna velluktande røykjelse for hans åsyn, dagleg leggja fram skodebrød og ofra brennoffer morgon og kveld på sabbatane, nymånedagane og høgtidene åt Herren vår Gud – det kviler for alle tider på Israel.

5. Og det huset eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.

6. Men kven maktar vel byggja eit hus for han? Himmelen, den høge himmel, rømer han ikkje. Kven er då eg? Kan eg byggja eit hus åt han? Det måtte vera til å bera fram offer i.

7. Så send meg då ein dugande handverkar som kan arbeida i gull og sølv, i bronse og jern, i purpurraud, karmosinraud og fiolett ull, ein som skjønar seg på treskjering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, sette til dette.

8. Og send meg sedertre, sypress- og sandeltre frå Libanon! For eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre på Libanon; og mine folk skal arbeida saman med dine,

9. så eg kan få mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal vera stort og staseleg.

10. Til livssopphald for mennene dine, tømmerhoggarane som feller trea, gjev eg tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»

11. Hiram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Det må vera fordi Herren har folket sitt kjært, at han har sett deg til konge over det.»

12. Og Hiram skreiv vidare: «Lova vere Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda, fordi han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og skjøn at han kan byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 2