Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 24:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

10. På den tid drog mennene til Nebukadnesar, kongen i Babylonia, i hærferd mot Jerusalem, og byen vart kringsett.

11. Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen.

12. Då gav Jojakin, Juda-kongen, seg over til babylonarkongen saman med mor si og mennene, hovdingane og hoffmennene sine. Og babylonarkongen tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.

13. Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongsgarden og braut gullet av alle dei kar som Salomo, Israels-kongen, hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.

14. Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle hovdingane og rikmennene – ein fangeflokk på ti tusen – og alle handverkarane og smedane. Berre dei lågaste laga av folket vart att.

15. Jojakin førte han òg til Babylonia. Og mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart tvinga til å fara frå Jerusalem til Babylonia.

16. Rikmennene, sju tusen i talet, og handverkarane og smedane, eitt tusen mann, som alle var øvde krigarar, dei òg førte Nebukadnesar til Babylonia.

17. I staden for Jojakin sette babylonarkongen Mattanja, farbror hans, til konge og endra namnet hans til Sidkia.

18. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

19. Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 24