Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 17:24-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Kongen i Assyria henta folk frå Babylon, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.

25. Den fyrste tida dei budde der, hadde dei ikkje age for Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei.

26. Då sa dei til assyrarkongen: «Dei folka som du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Difor har han sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei, fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»

27. Då sa assyrarkongen til mennene sine: «Send ein av dei prestane som de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»

28. Så kom ein av prestane som dei hadde ført bort frå Samaria, og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle ottast Herren.

29. Desse folka hadde laga seg kvar sin gud og sett dei i eigne hus som mennene i Samaria hadde bygt på haugane. Det gjorde kvart folk i dei byane dei budde i.

30. Mennene frå Babylon laga eit bilete av Sukkot-Benot, mennene frå Kut eit bilete av Nergal og mennene frå Hamat eit bilete av Asjima.

31. Folk frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei som kom frå Sefarvajim, brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.

32. Dei hadde nok age for Herren, men sette nokre av sine eigne folk til prestar på haugane, og dei bar fram offer for dei i husa der.

33. Samstundes som dei hadde age for Herren, dyrka dei sine eigne gudar på same vis som dei folkeslaga dei var bortførte frå.

34. Til denne dag har dei fylgt dei gamle skikkane sine. Dei har ikkje age for Herren og held seg ikkje etter dei føresegnene og reglane dei har fått, dei lovene og boda Herren har gjeve etterkomarane etter Jakob, som han gav namnet Israel.

35. Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje ottast andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei.

36. Men Herren, som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og med strak arm, han skal de ottast. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 17