Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 17:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.

11. På alle desse haugane brende dei offer, liksom dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Og dei gjorde mykje anna vondt som harma Herren.

12. Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!»

13. Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og føresegnene mine, i samsvar med heile den lova eg gav fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.»

14. Men dei ville ikkje høyra. Dei var stridlyndte liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud.

15. Dei vraka føreskriftene hans; dei vanvørde den pakta han hadde gjort med fedrane deira, og dei åtvaringane han hadde gjeve dei. Dei heldt seg til gudar som ikkje duger, og vart duglause sjølve. Dei gjorde som folkeslaga ikring dei, endå Herren hadde sagt: «De skal ikkje gjera som dei!»

16. Dei brydde seg ikkje om alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg støypte bilete, to kalvar, og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Ba’al.

17. Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, og såleis vekte dei hans harme.

18. Difor vart Herren brennande harm på israelittane og støytte dei frå seg. Berre Juda-ætta vart att.

19. Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei fylgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn.

20. Difor vraka Herren heile Israels-ætta. Han fór hardt fram mot dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til sist frå seg.

21. Den gongen Herren reiv Israel laus frå Davids hus, tok dei Jeroboam Nebatsson til konge. Jeroboam førte israelittane vilt, så dei ikkje fylgde Herren; han fekk dei til å gjera ei stor synd.

22. Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med det.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 17