Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 26:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. David sa til Abner: «Du er ein mann som det ikkje finst maken til i Israel. Kvifor har du då ikkje halde vakt over herren din, kongen? Det har vore ein mann inne og vilja drepa kongen, herren din.

16. Det er ikkje bra, det du har gjort. Så sant Herren lever: De skulle døy alle saman, fordi de ikkje heldt vakt over herren dykkar, over han som Herren har salva. Sjå, her er spydet og vasskrukka til kongen! Dei stod attmed hovudet hans.»

17. Saul kjende att målet til David og ropa: «Er det ditt mål eg høyrer, David, son min?» David svara: «Ja, herre konge.»

18. Og han heldt fram: «Kvifor forfylgjer du tenaren din, herre? Kva gale har eg gjort? Kva vondt finn du hjå meg?

19. Høyr no, herre konge, kva tenaren din seier: Er det Herren som har eggja deg opp imot meg, så lat han få kjenna angen av offer. Men er det menneske, skal dei vera forbanna for Herrens åsyn, fordi dei no driv meg bort, så eg ikkje får bu i Herrens eige land, og seier: Gå din veg, og dyrk andre gudar!

20. Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens åsyn! For Israels konge har drege ut og leitar etter ei loppe, som dei jagar rapphøner i heiane.»

21. Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom heim att, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. No ser eg at eg har bore meg uvitug åt og fare fælande vilt.»

22. David svara: «Sjå her er spydet ditt, konge! Lat ein av mennene dine koma over og henta det!

23. Herren løner den som er rettferdig og trufast. For det var Herren som gav deg i mi hand i dag; men eg ville ikkje leggja hand på den han har salva.

24. Gjev Herren må halda mitt liv like gjævt som eg har halde ditt liv i dag, og fria meg ut or all naud.»

25. Då sa Saul til David: «Velsigna vere du, David, son min! Alt du tek deg føre, skal lukkast for deg.» Så fór David sin veg, og Saul drog heim att.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 26