Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 20:9-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Jonatan svara: «Det skal aldri henda! Skjønar eg at far min er meint på å gjera deg noko vondt, skal eg nok seia deg det.»

10. Då spurde David: «Kven skal varsla meg dersom far din gjev eit ublidt svar?»

11. Jonatan sa: «Kom lat oss gå ut på marka!» Så gjekk dei ut på marka, dei to.

12. Der sa Jonatan til David: «Ved Herren, Israels Gud: I morgon eller i overmorgon på denne tid skal eg få greie på kva far min har i tankar. Anten det då ser bra ut for deg eller ikkje, skal eg senda bod til deg og la deg få vita det.

13. Herren la det gå meg ille både no og sidan dersom far min finn for godt å føra ulukke over deg, og eg ikkje varslar deg og hjelper deg til å koma unna, så du kan fara din veg i fred. Herren vere med deg, som han har vore med far min.

14. Så lenge eg lever, må du visa den same godhug for meg som Herren. Og når eg døyr,

15. så ta aldri godviljen din frå ætta mi! Når Herren har rudt ut alle Davids fiendar frå jorda,

16. gjev då at Jonatans namn ikkje vert utrudt, men får leva saman med Davids ætt! Gjev Herren må ta hemn over Davids fiendar!»

17. Så gjorde Jonatan endå ein gong eiden sin til David, fordi han heldt av han; han hadde David inderleg kjær.

18. Sidan sa Jonatan til han: «I morgon er det nymånedagen, og dei kjem til å sakna deg når dei ser at plassen din er tom.

19. Men i overmorgon vil dei sakna deg endå meir. Då skal du gå til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og setja deg attmed steinrøysa der.

20. Så skal eg skyta tre piler den vegen, som om eg skaut til måls,

21. og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg då til guten: Pilene ligg hitanfor deg, henta dei! så kan du koma fram. Då kan du vera trygg; så sant Herren lever, det er ingen fare.

22. Men seier eg til guten: Pilene ligg bortanfor deg, så far din veg! For då vil Herren at du skal fara bort.

23. Når det gjeld den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, så er Herren for alltid vitne mellom meg og deg.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 20